Det er kanskje lett å trua t eg har gått rundt i rein lukkerus sidan eg kom heim, og gleda meg over kvitveisen i fjellsida. Den som trur det tek feil. Kvitveis har eg ikkje sett, og for alt eg veit har den takka for seg for denne gong. Tida mi har gått med til langt viktigare ting.
Her ein dag sat eg på bussen på veg til skule, med andre ord ein heilt vanleg dag i Ann-Helen sitt liv. Songen på Ipoden irriterte meg og eg drog den fram for å skifte til noko som passa humøret mitt betre. I det eg dreg den ut av lomma ser eg at den er rosa (har så klart sett det før og, men no var den verkeleg rosa), og same rosafargen finn eg på delar av jakka mi. Brått innser eg og at gensaren under jakka mi er rosa, og klokka på handa mi har kva for ein farge? Ja, rosa! Kva skjer? Er rosa min nye farge? Er det det som skjer med folk som forlet landet for ei kort periode? Før eg for var eg inne i ei brun periode, noko eg var temmeleg fornøgd med, og eg hadde vel aldri i mine villaste draumar sett føre meg dette hendingsforløpet. Forbudet mot innkjøp av rosa klede vart snarast innført, og kva tid det vil bli oppheva er altfor tidleg å ta stilling til på følgjande tidspunkt.
I tillegg til å finne min nye farge, har eg og vendt tilbake til trening. Dei to spaserturane eg hadde i Australia kan vel knapt kallast trening, og det var like tungt som det var kjekt å vere tilbake på innebandybana. På veg heim frå trening kom eg som vanleg spankulerande ned gløshaugenlia, og den skinande sola lokka fram minner frå barndomen. Så der kom eg gåande, og medan "Mellom bakkar og berg" vart spelt i hovudet og eg såg føre meg eit skikkeleg bra tre å klatre i, merka eg meg tre små gutar som leika seg på marka. Våren var verkeleg komen. I det eg gjekk forbi kom eine gutafanten i mot meg for å slå av ein prat.
Gut, 5 år: "like du å bli skitten?"
Ann-Helen: "hehe, nei ej gjer no ikkje det da. Gjer du?"
Gut, 5 år og dum: "ja".
Og så skjedde det; denne lisje trønderrampen plukkar opp mold frå bakken medan han mumlar "skitten, skitten", småspring etter meg og kastar eit stykke mold på skuldra mi og flirar godt av resultatet.
Ann-Helen: "hehe, du din fante" (men eg tenkte så klart faen ta deg din ufordragelege vesle trønderjævel, ha deg hit så eg får stappe heile munnen din full av mold)
Men vil eg verkeleg gå inn i ein slosskamp med ein 5-åring? Eg konkluderte med at eg ikkje ville det, så eg brukte heller energien min på å gå derifrå. Våren er verkeleg komen.
15 kommentarer:
Dævver!!!!!!!!!!!!!
Hehe, e det du Susanne? :)
Seff:)Syns du er god på å gjette når jeg skriver!
Rosa-Helen.. Ann-Rosa..syns det klinga fint eg..
"Eg" ekje ofte ej ser her inne på bloggjen.. E det du so endelig he leita dej fram Liv-Jorun?I so fall e no det hyggelig(viss det e nåken andre e det forøvrig like hyggelig). Rosa-Helen e min personlige favoritt av dei to, hehe.
Og Susanne, ej gjettakje, ej veit;) Ekje so monge so legge atte kommentar, so elimineringsmetoda gjorde at ej enda på dej.
døh.. det e vel andre enn Livvis som sei "eg" :O Skuffa Ann-Helen, skuffa!!
Ahahahaaaaaa!! Hilde:) Va berre at ho LIv-Jorun spurte ette adressa her om dagen, so då tenkte ej det va ho...bjynd å skriv namn! hehe
hehe veiit.. men så du kjent igjen susanne, så tenkt eg sku test deg.. du strauk..!! ;)
f
åj..vakje meininga åbære skrive f..:P menneh,du ekje på hi sia ta jorda no asso! kanskje skifte navn på bloggen? :P
Kaster en liten 5-åring jord på deg er regelen enkel: Du iverksetter en mannejakt av en annen verdendersom han stikker av, og når du får tak i vedkommende, setter du deg på'n og stapper alt du finner av jord, sand, småstein og hva-det-måtte-være i munn, nese, ører og gudene-vet-hvor på'n mens du brøler "Skitten nok nå?!?!?"
Du he erfaring på området du also Thomas. Ej synst ikkje at å banke småonga e so lurt ej, so han sku no ha provosert mej veldig mykje meir før ej ville gått til det drastiske steget å sette mej på na.
Pfft! Det er sånn de lærer...
...er det ikke?
Ej syns du gjorde rett i å gå der i frå iogmed at du faktisk helde på å utdanne dej til lærar...du må berre lære fyrst som sist at "ej he ikkje lov å slå elevane!" "ej he ikkje lov å slå elevane!" "ej he ikkje lov å slå elevane!" "ej he ikkje lov å slå elevane!"...belive me, d kan vere vanskelig d når dei avogtil e like irriterande som småbrødre!;) Greit m kallenavn Rosa-Helen. Ellisveis her!;)
Ja det e ei viktige setning. Ellisveis ja, slik går det når en let lokkane falle. Va det kanskje SUFH-styret so pressa dej til å klippe dej? ;)
Legg inn en kommentar