onsdag 14. mai 2008

Utdrag frå Ann-Helen sitt liv, tysdag 13.mai 2008:

Klokka er 12.47. Eg sit på rom B121 og har matematikkundervisning. R-klasse Ingunn sit ved sidan av meg, og vi skal til å gjennomføre eit eksperiment. Plutseleg pikkar Ingunn meg på skuldra, det er nokon i døra som vil ha kontakt med meg. Eg kikar opp, og til mi store overrasking ser eg rett inni augene til Eline.


I det Eline har oppnådd kontakt, lyftar ho handa og plasserar den mot panna. Tommel og peikefinger står rett ut og opp, slik at fingrane formar ein tydeleg L. Med eit tilfreds smil om munnen bruker denne frekke lysluggen leppene til å forme ordet ”loser”, før ho fjernar arma frå panna, let igjen døra og er vekk. Alt i løpet av tre sekund.


Kva i helvete var det som nettopp skjedde?

2 kommentarer:

Anonym sa...

Forutan banning i siste setning, eit morosamt innlegg =)

Skjoldmøy sa...

Ja, orsak. Det er berre det at eg følte eg måtte ty til bannskap for å få fram kor uvirkeleg og forvirrandes det var. I framtida skal eg freiste å halde meg for god for slikt...det er trass alt eit hav av andre ord å velje mellom.