mandag 16. juni 2008

August snart?

Dei siste dagane har eg vore gjennom eit stort hamskifte. Det er i alle fall slik det kjennest. I tre veker har så og seie alle mine tankar og gjerningar hatt med matematikkeksamenen å gjere. Eigentleg for det meste meiningslause aktivitetar; funne ut kva emne eg vil trekkje, kva emne eg ikkje vil trekkje, kor mange konvoluttar eg kan trekkje mellom, om eg får Heidi til eksaminator osv. Kvifor må eg bry hjerna mi med slike ting når eg heller må lære meg å bevise andregradssetjinga? Eg har brukt litt tid på å fundere over det og, diverre utan resultat. Eg er, difor tenker eg, men utan å kunne kontrollere innhaldet. Så på torsdag var det endelig slutt. Eg var heilt utmatta av alt atteletet, og kjennsla av å gå heim att og vere heilt ferdig med matte 2, var ubeskriveleg. Eg trur at om eg kjenner godt etter, så sit den litt i enno. 

Og kva skal ein gjere den fyrste fridagen etter eksamen? Ikkje ein drit. Ikkje fordi du ikkje har ting å ta deg til, men fordi du kan. Du kan ta heilt fri. Eg sov, eg såg på TV, og eg dalla. Ein fantastisk meiningslaus dag! Men like nødvendig som alle andre dagar.

Så bar det heim, og ei anna periode venta meg; sommarjobben. Eg har no hatt min fyrste dag. Min fyrste av 25. At eg har telt opp kor mange dagar eg har att, er ikkje eit bra teikn. Mine sårt etterlengta sommarkroner skal inntenast på SSR, på bosbilen. Det vil seie; på gode dagar jobbar eg på bosbilen. Ingenting i livet er gratis, og prisen alle må betale for å få oppfylt barndomsdraumen om å vere bosmann, er teneste på bandet. I fjor var det slik at ei veke på bandet kvalifiserte til to veker på bil. Eg håper verkeleg at forholdet framleis er det same. Men kanskje dei blodige bensinprisane har hatt innverknad på prisane for ei veke på bil og? Tenk om det har snudd? To veker på band, ei veke på bil. To veker med å stire på eit samleband, og kjapt ta opp ei vurdering på om det er bølgepapp eller flatpapp, og om den plastposen verkeleg inneheld berre plastartiklar så den kan gå rett i plastbåsen. Må eg kanskje opne den for å vere på den sikre sida? Ofte må eg faktisk det. Tenk om eg må gjennom TO slike veker for å nyte beundrande blikk frå 4-åringar i barnehagar som trur den oransje og illeluktande dama framføre dei er ein slags superhelt. Er det verdt det?

Eg trøstar meg med at den fyrste dagen alltid er den verste, og at tida då eg har heilt fri vil kome. August, eg lengtar etter deg!

1 kommentar:

Okanti sa...

Du oppsummerer studentlivet...Vi har riktignok 10 måneder i året med fri, de to månedene om sommeren hvor vi faktisk gjør noe samfunnsnyttig svir. San-torini tips kommer...når drar du?