torsdag 6. november 2008

Nasetrim.

Eg har blitt sjuk. Tidlegare i haust har eg vore forkjøla, men då har eg nekta å setje livet mitt på vent for å få rehabilitert kroppen. Eg har peisa på med mitt, og gitt bakteriene ein skikkeleg kamp for tilværelsen. Ein metode som funkar i ni av ti tilfeller. 

No må eg dessverre resignere, eg må endre strategi. I dag sit eg berre heime og nyt godene av den høge snårproduksjonen i nasa mi. Kvart tiande minutt får eg føre eit mjukt kleenexpapir opp til nasa, og blåse så det syng i bihulane mine. Og kven vil vel ikkje gjere det på ein torsdag der himmelen er blå og haustsola skin?

Eg håper at denne sabbatsdagen vil gi meg ei god belønning. At eg i morgon, medan eg står og kuttar grønsaker i lag med vår håpfulle yngre generasjon, har fått redusert kleenex-nase forholdet til ein gong kvart 20 minutt, at eg får nok energi til å underhalde Oda som kjem på besøk i helga, og at eg får spelt innebandykampen mot Bakklandet på søndag. Å ofre ein torsdag for alt dette er ikkje så gale. Eg kryssar fingrane. 
Enn så lenge skrik nasa mi etter ein ny kleenex. Ti minutt går jammen fort.

5 kommentarer:

Renate sa...

Kjekt at oss fæ vete alt om snårproduksjonen din, Kjødis..
Mmm =)
God bedring!

Skjoldmøy sa...

Ej skrive berre om det so e interessant, og snår e vel på vei oppatt ekje det?

Okanti sa...

ISFIT - bra for freden, dårlig for immunforsvaret;)

Skjoldmøy sa...

Her utnytta du kvar en sjanse te å disse ISFIT ja, well played my friend.

Okanti sa...

hehe;) Men å kjempe med nese og snørr for freden er jo ingen ting å disse!