onsdag 10. juni 2009

God tur, sa ho med ein smil om munnen.

Kjøttdeig til 19,90 på Mega. Sub sab sao, subsa dira sub sab sao. Eller Fairytale som ringelyd på din mobil? Dam da di daaa di dam da di dari dari.

Ikkje så veldig fengande nei? Reklamer flest er ikkje det. Det er dei som gjer at eg etter ein halvtime med god stemning forlet stova til fordel for oppvask på kjøkenet, overbeviser emg sjølv om at eg må på do eller skrur av lyden på TVen for å ta ein viktig telefon. 

Men så plutselig, når alle planetane ligg på linje, fullmånen skin og betlehemsstjerna tek plass over Trondheim, kjem det ein reklame på TV som gjer reklamepausene uthaldelege igjen. Med eitt må eg ikkje på do lenger, oppvasken kan eg ta seinare og telefonsamtalen er gløymt bort. Stemninga stig, den gode kjensla er der, øyre og auge er spissa. Reklame er ikkje så verst likevel. Kanskje kan du tippe frå songtekst-utdraga kva reklamer eg snakkar om, men uansett så er det verdt å trykkje på linkane og sjå at nokre sekund med reklame kan snu på humøret og gi deg ei god kjensle på ein elles gråtung dag.

Er du glad i norsk natur? Vil du kalle deg patriot?

"Don't have to go
I know you know you know
But if you gotta go
Whoa-oh
Safe travels."

http://www.youtube.com/watch?v=GDIjsg8_mfA&NR=1

Same kvar du kjem frå, eller når du vaks opp. Barndomsminner? Glede?

"Give a little time for the child within you, 
don't be afraid to be young and free. 
Undo the locks and throw away the keys
and take off your shoes and socks, and run you. "

http://www.youtube.com/watch?v=UoiW8_j0LeE

Og er det tilfeldig at begge to er sjokoladereklamer? Neppe!



Ingen kommentarer: