Ja det kjennest faktisk slik. Allereie daa vi gjekk av toget paa München Hauptbahnhof kjente vi at vi var heime. Ikkje fordi vi kjeda oss i Paris, ikkje fordi Frankrike er eit daarleg land aa vere turist i, men fordi det er noko med Tyskland som lokkar paa oss. Kanskje er det bossboettene som det var stor mangel paa i Paris, kanskje er det bakverka, den gode og billige oelen eller det tyske spraaket som vi alle har meir eller mindre kjennskap til. Der franksmenn var vanskelige aa faa i tale, er tyskarane ei oppkome av glosar.
At vi er i Tyskland er synlegare her enn kva som var tilfellet i Hamburg. Vi befinn oss i Bayern, og dei tyske bartane stikk ut under nasene og lederhoser er eit naturleg antrekk, spesielt blant den eldre garde. Vi var ikkje forebudde paa aa legge inn eit stopp i München, saa vi veit lite om byen og kva den har aa tilby, men det er like greitt. I dag har vi spasert gjennom sentrum, hengt paa Starbucks og kika i butikkar. Ein etterlengta roleg dag. Kva som skjer i morgon er uvisst, men forhaapentligvis faar vi sett aattendedelsfinala mellom Tyskland og England ein eller annan plass og opplevd den tyske vm-stemninga. Ut i fraa avisoverskriftene har dei i alle fall allereie vunne kampen, saa det vert spanande aa sjaa om det vert feiring eller sorg i byen.
München var som sagt plan B, og vi sleit med aa finne overnatting her saann i siste liten. Det resulterte i at Christine skal sove paa rom med fire andre, medan eg og Susanne skal sove paa 14manns-rom, noko som sikkert vert ei interrailoppleving for seg sjoelv.
Elles er alt bra, eg faar i meg naering og avföeringa gaar som vanleg.
Jobbkroppsjokk
for 9 måneder siden
3 kommentarer:
Kjekt å lese blogg fortsett med det.
Elles alt vel her.
Godt å høyre at avføringa går som normalt!
gleder meg til litt mer juicy avføringsrapporter!
Legg inn en kommentar