Standarden på roma var gode, men ein kveld vart eg faktisk utsatt for stroplestell som mi kjære mormor så vent ville ha sagt det. Då eg returnerte til romet mitt fann eg uvanleg store mengder plastfolie, tape og dopapir i senga mi, samt at alle mine eigedelar var innpakka i nemte utstyr. Dei skuldege vart etter litt om og men peika ut, og Sinte-Helen fekk skremt dei litt.
Ellers hadde eg eit vellukka opphald. Bohnanza vart spreidd til nye sjeler, nokre med betre forhandlareigenskapar enn andre. Å vere rektor har sine goder; nærradioen intervjua meg, og i friminutta fekk eg all respekt frå elevane på 1-3.trinn ved å kunne svare "ja" på spørsmålet "e de du som e studdæntrektorn?" På ungdomstrinnet, der eg var, er det litt meir som skal til. Eg har og funne ut at å bo på rom med fire andre, og å bli vekt klokka seks kvar dag er overkomeleg, men om eg hadde overlevd ei veke til er ei anna sak.
For å oppsummere; va itj gææli herre her sjø!
5 kommentarer:
Ah, endeleg eit livsteikn, til glede for di trufaste tilhengarskare!
Køyr på, rektor Kjødemor, dette skriveriet ditt vil vi ha meir av! :)
SÅg konge ut med militærleir/skuleovertaking forresten! :D
Koseleg å sjå at du slenge igjen en kommentar Andrea! Og ja, militærovertakelsen va pretty konge, ska halde eit lite foredrag om det i påska:) Og det ekje lenge til!!:)
Skoleovertakelse var genialt. Rett og slett über!
Og så tør jeg påstå at vi som var på Rissa hadde det enda kjekkere enn de som blei igjen i byen, for vi var så sosiale ;)
Ja det sosiale va no det aller beste me heile turen. Kjempekjekt å bli kjende me so monge nye og artige folk!
Hei! Stilig at du har ein plan om å bli lærar, da! Reknar med at om nokre år har du teke over for mitt kjære syskenbarn Kjell Mork Soot;)
Lykke til med vidare blogg!
Legg inn en kommentar