Det er tid for heimreise. Trondheim glitrar i sola, slik han har gjort dei siste dagane. Sjølv har eg vore opptatt med eksamen og skule, faktisk heilt sidan Påske. Våren har liksom ikkje blitt opplevd. Ekstasa over å vere ferdig med skule har lagt seg, no er det nye arbeidsveker som ventar. Fyrstkomande mandag finn du meg på bossbilen, kledeleg oppstasa i oransje fargar og vernesko.
Eg kjenner at det er litt trist å forlate byen no når han er så fin, no når eg har fri, no når eg endeleg kan nyte dagane. Medan bussen trillar ut frå stasjonen slår eg på mp3-spelaren og Odd Nordstoga sine særegne tonar kimer i øyrene mine. Av alle tenkelege songar så er det "Heim til mor" som kjem på, litt rart og merkeleg passande. Eg tenkjer at ja det skal bli godt å kome heim, men samtidig innser eg at det vil ta ti veker før eg på ny er å finne i Trondheims gater. Så plutseleg skjer det; byen viser meg eit av sine særegne kjenneteikn som ei siste helsing på vegen. Gåande over brua ser eg plutseleg mannen med det kvite håret og dei fargerike kleda. Han som lett kan mistolkast for å vere julenissen, han som eg så ofte har skoda på frå bussvindauget tidlegare. Han går der med den same karakteristiske gåstilen, og det kvite håret flagrar i vinden. Eg må berre trekke litt på smilebandet medan eg lener meg tilbake i bussen og gler meg til å kome heim att.
No er det endeleg sommarferie folkens. Nyt den!
Jobbkroppsjokk
for 9 måneder siden
1 kommentar:
Nei det er ikke bare bare å reise fra den byen her serru ;)
De kommer alltid tilbake... alle sammen. En eller annen gang! :-P
Legg inn en kommentar