mandag 3. desember 2007

Var ting betre før?

Vi likar i alle fall å seie at det var det. Sjølv har eg ved gjentekne høve påstått at barne-tv var betre då eg var for barn å rekne, men at eg ikkje har sett barne-tv på over ti år, er ei lita bisetning eg gløymer å nemne. Men no er eg klar for å slenge skikkelege fakta på bordet, eg har nemleg tilbrakt tid med mine venar frå barndomen. Følgjande heltar har blitt leita fram frå mørkret; Aldo, Mario og resten av venane i Mario Kart og sist, men ikkje minst, Alana. 

Aldo er i dag for dataspel frå urtida å rekne, men den spretne kroppen er framleis ein ræsar på å å klatre stigar!Det var i vår at tankane heilt ut av det blå gjekk tilbake til Aldo, og det er heilt fantastisk kor mykje tid det er mogleg å bruke på å hoppe og klatre gjennom temmeleg like baner. At eg i dag heller ikkje klarer å kome meg lenger enn eg gjorde då eg var åtte år, er eit sviande nederlag eg er på veg til å kome over. Konklusjon: Aldo er eigentleg ikkje så nauta artigt.

Når det gjeld tv-spel, så er det Super Nintendo som står mitt hjarte nærmast, og spelet over alle spel er Mario Kart. Eit lukketreff på qxl, og tre dagar med venting, var alt som skulle til før eg sat der med spelet i handa. Dei velkjende tonane som ljoma ut av tvén var som ein symfoni som øyrene mine hadde lengta etter i  hundrevis av år. My man, mr. Koopa Troopa, stod klar på startstreken, og den fantastiske verda til Mario Kart vart erobra nok ein gong. Skillsa mine var der framleis, og Mario Kart er som alltid pur glede! Om dette spelet er det berre ein ting å seie; ingen over, ingen ved sidan. 

Den siste helten er det ikkje sikkert alle hugsar. Ho er kjent frå den australske tv-seria "The girl from tomorrow", og var å sjå på laurdagskveldane på NRK. Ho gjekk rundt med ein slags bøyle med ein diamant på, og denne kunne ho setje på panna og bruke til å flytte og løfte ting. På fagspråket vert dette kalla ein Transducer, og eg må innrømme at eg har øydelagt eit par diadem i jakta på å lage den perfekte transduseren. TV frå tidleg nittital har liksom ikkje ein positiv klang rundt seg, og det er kanskje ikkje så rart. Det svir litt å seie dette, men "The girl from tomorrow" er rett og slett ikkje god underhaldning. Heltane mine er ikkje det dei ein gong var. 

To skuffelsar og ein opptur er det eg sit igjen med etter reisa tilbake til barndomen. Folk kan seie kva dei vil om Aldo og Alana og eg skal ikkje seie eit ord, men fy flate, den som kjem med kritikk mot Mario Kart skal få med meg å gjere!

4 kommentarer:

Anonym sa...

Må sei at ej vart litt skuffa no...
Kar ho tøydukke Anna he blitt av?
For ikkje å snakke om Bertha?

Skjoldmøy sa...

Du he heilt rett i at både ho Anna og ne Bertha e for store ikon innen barne-tv å regne, men ej hadde dessverre ikkje tilgong på materiale frå disse seriane, og dermed vart dei ekskluderte for dinne gong. Mulig ej kan kome tebake me en rapport om dei ved eit seinare høve ;)

Unknown sa...

Ken Bertha va da? Hinne huska ikkje ej.. va det eigaren na Anna?

Skjoldmøy sa...

Hehe. "Bertha, kjære Bertha, du er en deilig maskin" Huskakje du hinne?? Dinna grøne maskina so berre fiks alt:) "vi vet vi kan stoel på deg!"