mandag 10. desember 2007

Min høgre hjernehalvdel og venane hans.

Nokre trudde eg tulla, mange vart overraska, og Renate flirer vel framleis. Eg skulle gå Kunst og Handverk, eller ikkje berre skulle eg, eg er no ferdig med eit halvt år med fordjupning i Kunst og Handverk(må berre ta eksamen i faget, men det går vel greitt??) Ekstremt få har sett kva eg har laga og kva eg har gjort desse siste månadane. Mange har spurt og undra seg over kva eg bedriv dagane med, og der er sikkert nokon som enno ikkje er 100% overbevisst om mitt kreative sidesprang. Samfunnsfag eller norsk er vel å halde fram som meir sannsynleg. Men kjære vener; eg har ikkje halde dykk for narr! I dag sette eg opp utstillinga mi, og til glede og misnøye for alle i hop har eg tatt bilete for å dokumentere det ein gong for alle. I give you; Ann-Helen Kjøde - ein kunst og handverksstudent. 

Eg vil starte med eit bilete av utstillinga mi. Alle fekk tildelt kvar 
sin pult, og så var det berre å komponere produkta på ein framifrå måte.


Eit av "verka"(haha) eg valde å stille ut er eit relieff av Michael Jackson. Ser vel strengt tatt ikkje at det er han, men afroen er på plass:) 

Den oppgåva eg brukte mest tidpå var hylle/seksjon-systemet mitt. Ved hjelp av speidarskillsa mine og høg erfaring med surring, smelte eg i hop ei lita korg til å ha i hylla. Vi måtte nemleg ha med tekstil, og slik fekk eg inkludert tråd i produktet. Det som ligg i korga er ikkje der fordi eg er so sabla nøgd med resultatet, men for å få med litt fargar på utstillinga. Den observante tilskodar kan skimte ein gryteklut med eit hjarte på, samt eit nydeleg smykke i tekstil som skal stå til ein rådeilig lilla gensar. Eg har tova kulene, og hekla det nydelege, gule bandet.

Og vi har så klart teikna....myyykje! Det har vore min store akilleshel dette året, og naturleg nok har eg ikkje inkludert teikningar i utstillinga mi, men her er 1 stk leddmann teikna med krit på svart papir til ære for nettopp deg. Enjoy;)

Ja den ligg litt på skakke. Grunna ny data, og ikkje fullt utvikla datakompetanse, klarer eg rett og slett ikkje å få snudd min kjære leddmann. Tips; len hovudet 90 grader mot venstre. 
Til slutt gir eg deg det einaste biletaktige frå utstillinga mi; eit monotypi der eg har leika meg med fargen blå. Også her ligg biletet på skeiva, men motivet kan like gjerne sjåast på denne måten.

Då håper eg at alle skeptiske sjeler anten har gått på ein stor smell, eller fått bekrefta sine mistankar. Som "kunstnar" er eg ute etter ein reaksjon, om den er negativ eller positiv er nett det same. Ja, eg har blitt seriøst skada av dette studiet!

Uansett; både syrlege og søte kommentarar vert motteke med stor takksemd!

Takk for no!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Å herlighet!
Du anakje kor ej flira!! hahahaha.. ditte e det sjukaste ej he sett på lenge faktisk!
So ja, ej flira framleis!!! DÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅÅN!

Men ok: ej e litt imponert!
Men ej må sei at du imponerte mej med dinna leddmannen din!

Anonym sa...

Ann-Helen Kjøde.

Hjelp mej. Ej dør.

Sei mej enige me førre kommentar. Sjukaste ej he sett på lenge.

E DE MUUULI!

HAHAHHAHAHAHHAHAHHAHHAHAHAH!

(leddmannen e favoritten. ej ønske mej en leddmann til jul)

Skjoldmøy sa...

ah...Herlig, ruvande, hånande latter. Ej høyre dokke for mej begge to! Då va målet mitt nådd, og ej he forlenga livet dokka pitte litt:)

Ej teke forresten opp bestilling på leddmanna. Alt dokke må gjere e å sende en SMS til 1939 me kodeord leddmann, so kjeme den i posten i løpet ta to veke. Pris pr ledd; kr.3500.

Anonym sa...

Genialt Frekke-Kjøde. Det står om ditt kunsttalent i doboka vår... Fantastisk...

Skjoldmøy sa...

Det gleda mej at også folk frå tænnnfjorn via tid te "kunsten" min. Og omtale i den heilage doboka e det jammen ikkje monge so kan skryte pås ej also!