I jula he ej farta rundt på både øya og fastlandet, og ej he brukt ganske mykje tid til å observere, reflektere over, og gjere mej opp meininga om folk sin julepynt. Ej føle ditte e et tema so ikkje he fått nok oppmerksomheit, og her he samfunnet og politikarane en jobb å gjere! Folk trenge opplysning, informasjon, rettleiing! Julelysa so henge og
slenge rundt hushjørna e et sikkert tegn på ditte, og ej føle at problemet he blitt oversett frå år til år. Men no he det gått for longt!! Gi mej den normale julepynten tilbake! Det e faktisk godt mulig at folk i all si julestemning gløyme å vende et kritisk blikk mot julepyntinga, eventuelt velge å oversjå dei sjenerande belysninga so monge huseigara finne det heilt normalt å pjåte på husa sine. Ej sette det no på dagsplanen, og gir dokke her topp 5 blant verstingane. Ditte e julepyntingversjona dokke virkelig bør prøve å unngå.
nr.5: Less is more e et velkjent uttrykk, og det stemme so absolutt i dinne samanhengen. På vei heim frå Bjorli måtte vi so klart køyre gjøna måndalen og dissa andre råtne fjordane. Midt oppi all håninga ta romsdalsdialekta bryte heile bilen ut i villt hysteri i det vi ser et opplyst hus framføre oss. Vi snakka adventsstake, julestjerne og en liten nisse i kvart eit einaste vindu. I tillegg va alle hjørne og sidekanta på huset "vakkert" framheva med lysrekke i ulike farga, både blinkande og ikkje-blinkande. Og hadde dei monge store tre i hagen?Jepp. Og va alle dekorerte med lys? So klart. Herlighet, ro dokke ned og slutt å plag naboa me dissa helsikas lysa!!
nr.4: Gjerrigknarken. Om ditte e et sunnmørsfenomen eller om det finst lignande oppførsel i resten ta landet anakje ej, men kom an!! Ska du dekorere verandaen me lys so kan du faen mej grave longt nok ned i bokselomma til at du fe fram nok penga te å kjøpe lys te heile rekkverket!Ei raud lenke so dekke 2/5 ta verandaen e virkelig ikkje nåke å slå i bordet me. Dropp lenka og kjøp dej en adventsstake i staden!
nr.3: Flaggstong e en fin ting, og som namnet tilseie e det ei stong en ska heise opp flagg i. Ikkje ei stong en kan heise opp lys i so ska blinke i tråd me stjernehimmelen. Ej synst det e unødvendig, ej synst ikkje det e fint å sjå på og det gir mej ikkje julestemning i det heile tatt. Stod det ei flaggstong me lys i utafor stallen då han Jesus vart født? I don't think so.
nr.2: amerikatendensa. I amerika e poenget å få ting størst mulig. Lenge levde ej i den fantasiverda der dinne trenden framleis hadde hoppa over norske heima og hushald. Men i år gjekk ej mej på en smell, i år he nemlig en ta sambygdingane mine kjøpt sej ei superduper kingsize store julestjerne!Vi snakka eit stovevindu på 2x2 meter, og ditta enorme beistet ta ei stjerne dekke heile vinduet! Ej klarte ikkje å sjekke volumet skikkelig, men å seie at stova deira vart redusert te det halve ette at stjerna flytta inn e nok ikkje å overdrive. Ei søte lita stjerne i toppen ta vinduet e framleis greit å ha also.
nr.1: Ditte e den ubestridte vinnar, det va faktisk aldri tvil om ken so skulle kapre fyrsteplassen. Ditte tipset går til alle dokke so trur dokke e kreative, he gått lei ta den vanlige julepynten og vil ha en liten vri på julepynten i år. Drit i den tanken!!Heng opp pynten som før og ver fornøgde. For kjære lesara, fram på Geilane(for lokalkjende) e der et hus so he stola litt for mykje på kreativiteten sin. Dei he so klart lys opp etter flaggstonga, stjerne i alle vindu og lysrekke rundt vinduet, men for å skille sej skikkelig ut he dei komt me nyvinninga å snu adventsstakane opp ned og spikre dei fast i toppen ta vinduet! Jada, på den måten lyse dei to oppned-hengande julestakande jula inn til dei so bor i huset og alle bilane so køyre forbi nede på riksveien. I tillegg til å vere fantastisk upassande, so vil ej også karakterisere det som trafikkfarlig! Heng julepynten i den vinkelen og den retninga so gud designa den til å henge!
ikkje det beste bildet, men dokke ser no ståda
So takk til alle dokke so leita fram juleduken og he den på bordet, sette ut en nisse på trappa og he en adventsstake i vinduet. Det e meir enn godt nok.
1 kommentar:
fram PÅ geilane??fram I geilane heite d..
Legg inn en kommentar