lørdag 2. februar 2008

Ei veke=7 dagar=168 timar=nok matte for i dag.

Lettare sjokkert har eg no innsett at i dag har eg ei veke på meg til å fikse alt som skal fiksast, seie ha det til alle som eg vil seie ha det til, pakke det som pakkast skal og mentalt førebu meg sjølv på å opphalde meg 6,5 veker i eit ukjent land i lag med ei fjellgeit frå Stryn som rotar vekk fleire ting enn ho eig og to koravhengige gullstrupar som eg fryktar får songabstinensar allereie i luftromet over nordsjøen. I staden for å ha attelét for alt dette, vel eg heller å bruke mi dyrebare tid til å fortelje alle der ute om reiseruta vår. I det høvet har eg funne fram eit Australia-kart som sikkert er til hjelp for alle og ein kvar. 

Laur 09:feb: Avreise frå Trondheim og vidare til Oslo-London-Singapore-Cairns. (Orsak til dei som saknar kart over oslo/trondheim/london/singapore, men veit de ikkje kvar desse landa/byane er så har norsk skule gjort ein glipp)

Man 11 feb: Framme i Cairns. Cairns ligg på austkysten av Australia, temmelg langt nord. Viss du kikar på kartet så ligg Cairns nord for Townsville. Plan for Cairns; regnskog, Great Barrier Reef, knekke jet lagen. 

Reiserute: Cairns - Brisbane
Distanse: ca 2330 km (driiitlongt)
Reisemåte: Buss

Etter nokre dagar i Cairns gjer vi som fuglane og dreg mot sør. Vi kan ikkje skryte av å ha like god økonomi som fuglane, så i motsetnad til dei, som kan nytte sag av luftromet, må vi ta til takke med allmuen sitt framkomstmiddel; bussen.
Stikkord undervegs: segling på Whitsundays (74 øyar som visst nok er superfine), Fraser Island(verdas største sandøy), Noosa (bading, soling, nyte livet) og til slutt Brisbane (fin by). Reknar med å vere eksepsjonelt lei av å ta buss no, så vi har spandert på oss flybillett siste strekninga ned til Newcastle. 

Laur 23.feb: Ankomst Newcastle. (Newcastle ligg 2-3 timar nord for Sydney, kik på kartet) No er ferielivet over og den harde kvardagen ventar. Mandag 25.feb er det tid for praksis. Lett å gløyme at vi skal ha praksis eigentleg, men vi skal altså det ja.

Australiaturen vil bli avlsutta med nokre dagar i Sydney og området rundt før vi igjen set kursen mot moderlandet. 

Generelt mål for heile turen: finne Alf Stewart.

Praktisk info til velkomstkomiteen; ankomst Trondheim onsdag 26.mars, på ettermiddagen ein gong. 

Håper eg har meir interessante innlegg å kome med undervegs på turen.
Inntil vidare; god natt. 

10 kommentarer:

Renate sa...

So pedagogisk du e, legge ved kart å greier =)
Lure på å herme ;)

Anonym sa...

Blir harde praksis da. Bjynde mandag 25. februar og e tilbake i trondheim 26.februar? Hehe. Synd det frk.korrekt. Ej måtte høyre me ne Renate for å forstå kar du skulle ha dinna endagerspraksisen din, men innsåg kjapt at matte og geografi-kunneskapane dine hadde tatt heile hjernekapasiteten din.. :)
Du må ha god tur!

Skjoldmøy sa...

Ja vi e no pedagoga Renate, so sku vel berre mangle:) Og Aina, det kan stemme at hjerna mi fekk fleire ting å tenke på enn ho klarte å handtere. Tru det eller ei; men vi reise ikkje te australia for endagspraksis. Frk. korrekt he no retta opp feilen.(og e det no ej ska ro mej i land me å sei at ej la inn feilen me vilje for å teste om folk faktisk lese det ej skrive?)

Renate sa...

http://www.lib.utexas.edu/maps/africa/tanzania_pol_2003.jpg

Moshi va då ikkje på det kartet ej ha på bloggjen, men her e det :)
Litt nordaust for Arusha kan du sei... E berre et pitstop på veien mot sveittetokte i Dar-Es-Salaam. Viss du trudde det va hovudstad, so ekje det det, berre virka sann. Dodoma e det. Flytta den, for å kome litt nærare fleire folk (litt meir i midten) men regjeringa osv e framleis i Dar- Es -Salaam. Berre so det e sagt! ;)

Renate sa...

lure forresten på om fleire veit at ej he blogg no ;)

Skjoldmøy sa...

Ja tenkte mej det måtte vere på vei mot Dar-Es-Salaam, som for øvrig e et fantastisk namn!Må nok innrømme at ej trudde det va hovedstaden ja, kjekt å få bekrefta at ej trudde feil. Oss må skape litt blest om blogganje, føle ikkje at det e so monge so e klar over mine skribleri heller.

Thomas D.J sa...

En ting som er veldig viktig å huske når du er i landet "der under", og det er at Aussierne er veldig glade i sangen "The Land Down Under" med Men At Work, så husk å syng på den minst to ganger hver dag...

Skjoldmøy sa...

Ditta he ej faktisk forberedt mej på!! I jula lasta ej ned den kjente songen, teksta bjynde å sitte, den e lagt inn på spelelista på i poden min, og ka du trur spelelista heite? Jau, den heite down under:) Forberedelse e nøkkelordet also!

Okanti sa...

Godt å høre at du er i forkant Ann-Helen!! Men altså, jeg visste ikke at fuglene hadde god økonomi, enn si økonomi i det hele tatt?;)

Skjoldmøy sa...

Det e tydeligvis mongt du ikkje veit om våre venna fuglane.