lørdag 29. mars 2008

Sydney - verdas beste by!

Ja for Sydney vart faktisk kåra til nettopp det. Byen ligg ved kysten der dei fyrste britane ankom australia, og er kjent for det storslagne operahuset med vakre harbour bridge i bakgrunnen. Sydney er ein verdsby av største klasse, og bereiste som vi er fann vi oss fort til rette. Dagane som lærarstudent gjekk fort i gløymeboka, og det glade turistlivet kom attende. Høflege småbybeboarar vart bytta ut med stressa og frekke storbyfolk.

Lonely Planet boka var vår store bibel i Sydney. Det er ein stor by, men den er flott organisert, så med eit høveleg kart og kvart sitt par med føter klarte vi å traske oss gjennom store delar av byen og faktisk ende opp der vi skulle ende opp. Vergudane ville gi oss litt hovedbry, så fyrste dagen var det både skyer og tendensar til regn. Kvikke i toppen som vi er (i alle fall 3/4) bestemte vi oss for å gjere frå oss alle inneaktivitetane. Valet fall på darling harbour der det er mange kafear og restaurantar, i tillegg til IMAX movie og Sydney Aquarium. Etter tilstrekkeleg køståing kom vi oss inn i akvariet der vi endeleg fekk sjå den berykta kvithaien . Akvariet hadde tunnelar under bassenga, så vi gjekk faktisk under kvithaiane og såg dei symje forbi. Akvarium er ein plass ein ser fiskar og andre sjødyr, så for meg å utbrodere enno meir om akvariet ser eg på som bortkasta tid for både meg og den som les. 

Det var aldri noko problem å finne noko å gjere i Sydney, det var vel heller eit problem å velje vekk det vi rett og slett ikkje rakk. Men takka vere lite søvn og tidleg opp om morgonane kan vi vel seie at vi har sett ein del av Sydney. Taronga Zoo ligg ein snar ferjetur utanfor byen, og her er det også ei nydeleg utsik til Sydney skyline. Vi var og ein tur i chinatown og åt billig og god middag, vi var i Sydney Tower og såg byen frå oven, Operahuset. marked og kafe i The Rocks, Harbour Bridge, strand og shopping på Manly og litt shopping i Sydney og. 

Alt i alt må eg konkludere med at eg elskar Sydney, og eg vil gjerne tilbake dit ein gong. Den har ein fin og roleg atmosfære, flotte parkar, strender, butikkar og så vidare. Eg vil absolutt anbefale kvar og ein til å reise dit. Med unntak av at nokon kom seg inn på rommet vårt fyrste dagen og fekk med seg to ipodar, ein mobil og ein minnepinne har eg bere positive minner frå verdas beste by. Det bør vel og nemnast at tjuvradden kom seg inn på rommet vårt fordi den talentlause vaskedama gløymte å låse rommet vårt etter ho hadde støvsuga det. Men det kan vel skje den beste.


Sydney

Operahuset

Nemo

Kvithaien!

Ingen kommentarer: