søndag 24. august 2008

Citius, altius, fortius!

Det er uendeleg mange måtar å prestere på. Ei god rolletolkning i ein film er flott å sjå på, men det gir meg ikkje gåsehud. Å høyre ein artist gjere ein fantastisk konsert er ei oppleving, men eg byrjar ikkje å grine. Å høyre Barack Obama tale får meg ikkje til å stå opp klokka tre om natta. 

Den største prestasjonen for meg er når nokon utmerkar seg på idrettsbana. Det er derfor eg i løpet av dei siste 16 dagane har stått opp klokka seks om morgonen, fått klump i halsen og gåsehud på armane. Å sjå Thorkildsen kaste spydet til ny olympisk rekord, for deretter å sjå han få medalja og høyre "Ja vi elsker" framfor 90 000 i Fugleredet i Beijing var heilt ubeskriveleg. At Aleksander Dale Oen, frå vesle Norge, symde inn til sølv i ein av verdas største idrettar imponerte meg kanskje meir enn gullet til Thorkildsen. Og på OL sin nest siste dag kom også det etterlengta gullet til Marit Breivik og Handballjentene. Dette var gullet heile Noreg forventa og unna dei. Dei var best når det gjaldt som mest. Det er det som er det fantastiske og mest imponerande med OL. Du får berre ein sjanse, og må vere best når det gjeld som mest. Mange idrettar har EM, VM eller liknande store turneringar kvart einaste år. OL er annleis. Mykje skjer på fire år, og det er ikkje sikkert at du får ein ny sjanse. Det er eitt bestemt tidspunkt på ein bestemt dag som gjeld, kor godt du gjer det alle andre dagar er likegyldig. Det er då det blir ekstra imponerande å sjå ein OL-vinnar frå Athen forsvare gullet sitt i Beijing. To nordmenn klarte denne bragda; nemde Thorkildsen og Olaf Tufte.

Noreg står no att med ti medaljer, men vi er dessverre i fare for å miste den eine grunna ein dopa hest. Gratulerer til dykk alle som forsvarte dei norske fargane og tok dei ti medaljene, og tusen takk for gode opplevingar på idrettsbana!

  • Gull. Handballjentene.
  • Gull. Andreas Thorkildsen, spyd.
  • Gull. Olaf Tufte, singlesculler.
  • Sølv. Kjersti Tysse Plätzer, kappgang.
  • Sølv. Aleksander Dale Oen, 100m bryst.
  • Sølv. Eirik Veraas Larsen, kajakk k1 1000m.
  • Sølv. Nina Solheim, Taekwondo.
  • Sølv. Tore Brovold, skyting.
  • Bronse. Sara Nordenstam, 200m bryst.
  • Bronse. Sprangridning lag.
Om fire år er det OL i London. Eg gler meg allereie. 


4 kommentarer:

Anonym sa...

Eg syns de andre innleggan dine e mye artiere..!

Skjoldmøy sa...

Hilde-sportsfanatikaren? Kritikk mottatt, men ej må få seie at ditte e mitt fyrste innlegg retta mot sport, so summa sumarum ekje det so gale. Kanskje ej kan skrive om romantiske komedie for å blidgjere dej? ;)

Anonym sa...

hehehe.. hilde...?how did u know.. :O

Unknown sa...

Woho! Vi rula! :D