mandag 8. september 2008

"Kar rytma di e hen?"

For omtrent åtte år sidan vakna eg brått av at ei jente som det er uunngåeleg å ikkje skildre som gal, rista meg i skuldrane og spurte om følgjande; "Kar rytma di e hen?". Eg var ei 15-16 år, det vil seie at det var på den tida då Westlife med "let you go" ruva på radioane (takk gud for at den tida tok slutt?), og eg sov på ein skule på Valderøya. Kva skal ein svare på slikt eit spørsmål? Kvar er rytma di? Leitar eg etter rytma mi? Dette vesle minnet frå ei ungdomstid som verkar lenger vekk enn langt, dukka brått opp i hovudet mitt i dag. Eg låg i senga mi og sov etter eit forsøk på å lese ferdig Volvo Lastvagnar, men så ringte mobilen og minna meg på at eg skulle på trening. Men forkjøla og i halvørska som eg var, og framleis er, så konkluderte eg med at det ikkje var nokon god ide. Og det var då eg innsåg det; eg har ikkje kome inn i skikkeleg treningsrytme enno! Det har gått tre veker sidan semesterstart, og feltkurs og skule og småting har gjort sitt til at eg ikkje har kome inn i rytma. Og no er eg altså forkjøla, og så reiser eg til Bergen. Og dermed går denne veka i dass og. Eg kjenner at det irriterar meg litt, og eg håper at eg finn tilbake til den gode innebandyflyten i neste veke. (men då skal eg lage film med norsk 2, så det er mogleg at eg må smøre meg med tolmod)

Jenta som vekte meg på verst tenkelege måte gjorde det forresten i søvne, eller så er ho flink til å kome fram til gode unnskyldningar på sparket. 


4 kommentarer:

Unknown sa...

Ej må bære innrømme at ej e nysgjerrig på ken du snakka om, sjøl om ej he mine mistanka.. :P

Anonym sa...

ej kan trøste dej m at rytma den kjøme etterkvart talent-h! ej lova dej. og d va forresten i en gymsal i Tønsberg, for ej tru ej låg attme og såg på galskapen...

Skjoldmøy sa...

I følge mine kilde so va det på Valderøya, og den "skuldige" va no so klart ho keggy, kari eller kari-elise om du vil.
Men det skjedde vel galskap under TT i Tønsberg me ja...va det der da? E rimelig sikker på at det va på valderøya mi historie spann sej ut also. Sikkert ho Renate so triksa i søvne i Tønsberg, hehe...

Renate sa...

Avkrefta med ditte at ej he gjort galskap i søvne..
Ej trudde forresten at det va på Gøteborgturen..