tirsdag 23. september 2008

Kvifor så alvorleg?

No har eg endeleg gjort det! Eg har hatt moglegheita sidan i sommar, men det var fyrst no eg gjorde det. På laurdag såg eg "The dark knight". Filmen var godt ihelsnakka før eg såg den, og eg visste allereie før den byrja at eg skulle gå ut frå kinosalen og seie "for ein fantastisk bra film" og "Ledger er genial". Det er litt kjedeleg å vite kva ein skal meine om ein film før ein har sett den, og då eg gjekk ut så synst eg faktisk ikkje at filmen var fantastisk bra, men eg sa det likevel. Eg sa det folk ville høyre. 

Personar som ikkje har sett filmen blir no råda til å ikkje lese vidare.

No har filmen fått surra i hovudet mitt i nokre dagar, og er klar til å ytre mi heile og fulle upåverka meining. Og eg vil byrje med det som eg trur er ein av hovedgrunnane til at folk ser filmen; Heath Ledger som The Joker. Eg må berre seie meg einig med alle dei som har rosa denne mannen opp i skyene etter å ha sett flimen, for han imponerte meg frå byrjing til slutt. The Joker er farleg genial, og samtidig gir han filmen ein sjuk humor. Det er både irriterande og frigjerande å sjå på. Eg har framleis litt problem med Christian Bale som the Batman, men etter to filmar har eg byrja å godta det. Maggie Gyllenhaal leverer for meg ein dårleg innsats som Rachel, og eg vart ikkje lei meg då ho endeleg døydde på slutten. Det meiner eg var eit lurt trekk, og no kan Batman i neste film konsentrere seg om å ta Two face, og gi blaffen i desse kvinnfolka som ofte kjem inn og er hovedingrediensen i heltefilmane. Det var godt å sjå at dei tok det valet, det gjorde filmen mindre forutsigbar. 

Handlinga i filmen ellers er grei og underhaldande, men eg syntest det drog litt ut mot slutten, og eg vart litt utolmodig. Der er mykje action og kule batmanmanøvrar, og alt i alt er det ein god film. For meg er det The Joker som gjer filmen verdt å sjå, og han er så dyktig at eg vel å gi filmen terningkast 5.


10 kommentarer:

Thomas D.J sa...

"og eg vart ikkje lei meg då ho endeleg døydde på slutten."
Akkurat på dette tidspunkt skal du være glad for at jeg HAR sett filmen før jeg leste dette innlegget. Ellers hadde jeg nok måtte grisebanke deg litt... :P
VM i spoiler Annis... 'sup med det'a???

Skjoldmøy sa...

EJ tenkte på at ej kanskje burde legge inn en advarsel mot å lese vidare, men so gaddakje ej... Kanskje ej ska gjere det no likevel da? Ja ej gjer det ej. Synst om filmen du da?

Thomas D.J sa...

Jeg syns den var på alle mulige måter helt fantastisk og magisk.
Har bare en eneste bitteliten ting å utsette på den: Den var bittebittebittelitt for lang. Ellers hadde jeg en perfekt kinoopplevelse da jeg så den, og kan knapt vente til den kommer på devede :)

Renate sa...

He ej sett filmen ? ;)

Skjoldmøy sa...

Ja for longe va den, då e oss einige, hehe. Og Renate, ej trur faktisk ikkje at du he sett den. Men må innrømme at ej hekje 100% kontroll, du kan ha lurt dej på en kino i Bergen so ej ikkje he oversikt over..

Anonym sa...

Jeg var der...du sa faktisk ikke at den var fantastisk bra!Så nå juger du...

Skjoldmøy sa...

Kanskje ej ikkje akkurat brukte ordet fantastisk, men ej sa nåke som dritbra eller kjempebra, so ej lyge ikkje, ej pynta på sannheita for å gjere det meir interessant for min gigantiske lesarskare.

Anonym sa...

Du sa at Heath var fantastisk bra, ikke noe i nærheten av at filmen var drit bra. Vi var like tomme begge to etter filmen!

Skjoldmøy sa...

Voldsomt kor du sko kverulere da, men jau, ej sa filmen va bra.

Anlen sa...

Hei! Eg har ikkje sett filmen:) Men eg har ikkje tenkt å gjere det heller, så det så.
Syns namnet på bloggen din likna på min; Litt om mangt, mest om hobby... Kven var fyrst? Har eg herma etter deg??