tirsdag 10. februar 2009

Har du ein fin dag?

Ei mørkhåra kvinne sit på en buss. Ho sit inn mot vindauget og kikar ut på den kalde vinterkvelden. Snøen har nok ein gong kome til Trondheim. Bussen køyrer frå sentrum, og ved neste stopp kjem ei lyshåra kvinne på bussen. Ho går bakover midtgangen og set seg ned att med den mørkhåra kvinna, som framleis kikar ut vindauget. Dei kjenner kvarandre ikkje. Etter ei stund går den mørkhåra kvinna lei av å kike på det som skjer der ute, så ho rettar opp ryggen og vender blikket framover mot sjåføren. Den lyshåra kvinna ser sin sjanse, vender seg mot den mørkhåra kvinna og seier: "har du ein fin dag i dag?" Den mørkhåra kvinna vert litt overraska over dette direkte og uventa spørsmålet, men svarar høfleg at jau, ho har ein fin dag. Samtalen er no i gong. Det viser seg at den lyshåra kvinna er frå Finland, og ho er i Trondheim og jobbar som misjonær. Men kva vil det seie, spør den mørkhåra kvinna. Eg går til dømes rundt på gata og berre pratar med folk, svarar den andre. Bussen har no kome til Solsiden, og kvinna som sat bak dei to må gå av, men i det denne tilskodaren går ut døra ser ho to kvinner, ei lyshåra og ei mørkhåra, som framleis snakkar med kvarandre .
Blant asosiale nordmenn som har vanskar med å småprate med ukjente folk, er dette eit sjeldant fenomen. Men tenk, det skal ikkje meir til enn "har du ei fin dag i dag?", og så slepp den mørkhåra kvinna å sitje for seg sjølv og berre stire ut i kulden. 

Ingen kommentarer: