søndag 8. mars 2009

Forandring fryder?

Alt er i konstant endring. Den eg er no, er ikkje den eg var i fjor. Mine prioriteringar er annleis no enn dei var då eg for fyrste gong kom til Trondheim for snart seks år sidan. Vi lærer noko nytt heile tida, og alt vi opplever påverkar oss på ein eller annan måte. Kvar dag tek vi nye val. Korleis vil du leve livet ditt?
Dette skuleåret har for min eigen del stått i studentengasjementet sitt teikn. Eg ville bruke fritida mi på noko nytt, og etter fem år som student innsåg eg at det var mykje med Trondheim sitt studentliv eg enno ikkje hadde prøvd. Sjølv om eg har spelt innebandy i fem år, betyr ikkje det at eg må halde fram med det for alltid. Eg var på jakt etter nye utfordringar, og tilfeldigheiter gjorde at mitt val fall på ISFiT. 
Alle val og prioriteringar har konsekvensar. Eg er mindre fleksibel no enn eg var tidlegare, og har innsett i større grad at eg faktisk ikkje rekk over alt, sjølv om eg alltid prøvar. Eg har hatt mindre tid til å bruke på vennane mine, innebandytreningane har eg så vidt vore innom og mine ambisjonar i norskfaget må reduserast kraftig. 
Heldigvis er det summen av alt ein gjer som definerar kven ein er. Eg blir ikkje lukkeleg av å få ein A i norsk, heller ikkje av å møte opp på kvar ei einaste innebandytrening eller av å vere i lag med venane mine kvar einaste dag. (sjølv om det siste er veldig nær) Variasjon og forandring er viktige element i kvardagen, viss ikkje går alt i stampe og ein går glipp av utruleg mykje.
Kvar dag tek vi nye val, utan at ein veit kva konsekvensar desse vala har. Ein får berre håpe på det beste og gjere det ein trur ein blir glad av. 

ISFiT er over og nye opplevingar er i vente. 


Ingen kommentarer: