Vidare gjekk dagen som ein draum. Ingen av ungane der har tenkt tanken på å tygge tyggis, alle er flinke til å halde plassen sin og samtlege høyrer etter når eg snakkar. Mitt ord er lov. Den pubertale oppstanasigheita og konsekvente nektinga har ikkje nådd fram til desse sjarmtrolla enno. Kvifor har eg tidlegare konkludert med at småtrinnet ikkje er noko for meg? Å synge "Bind deg ein blomekrans", for deretter å få elevane til å stave namnet mitt medan eg skriv det på tavla er jo fine dagar. Her må eg for øvrig innrømme at eg fekk kritikk for utydeleg l. Den skal nemleg skrivast med ein liten durt på enden for å unngå for stor likskap med stor i. Sjølv om dei er uskyldige og herlege, kan konflikter oppstå der og. Til dømes etter eit friminutt:
- Adriaaaaan, har du sagt at vi e kjæresta?
- Nei....tja....ja, men.... (ansiktet er likbleikt, frykta er til å ta og føle på)
- Ja men du har da itj sport mæ! (tydelig oppgidd)
Det heile løyste seg til slutt, konklusjonen vart at han måtte spørje før han sa noko slikt. Ein regel som dei fleste sikkert kan stille seg bak. Dei finn alltid ei enkel løysing på ting.
1 kommentar:
Hahaha:)Så søtt!!
Legg inn en kommentar