I dag song vi Vaskevise for Tore og Annis. Medan radioen ljoma stod vi der med kvar vår kost, bøtte og tvoge, klare for krigen. Etter nokre veker med førebuingar, var dagen endeleg her. Vårvasken '09 var eit faktum.
- pusse vindauga innvendig og utvendig
- vaske kjøleskapet
- skrubbe omnen
- vaske kjøkenskap og skuffer
- skikkelig nedvask av badet
- rydde i mathyllene
- tørke støv av alle lister og utilgjengelege område
- støvtørking av TV-benken
I løpet av dagen gjorde vi mange interessante funn, og vi kasta faktisk meir enn to fulle nett med berre matvarer. Sigeren var det derimot aldri tvil om, Tore sine Naan-brød var suverene:
Ja, dei er grøne med kvite prikkar på.
Elles har dagen lært meg litt av kvart. Vindauga er skitne utvendig sjølv om det ikkje ser slik ut. Eg kan tru så lenge eg vil at eg ikkje eig mat som har gått ut på dato, men den gong ei. Ja, det er støv under stolen/dusjen/DVD-spelaren sjølv om eg ikkje ser det. Og ja, det tek lenger tid enn fyrst antatt.
Men å kor herleg å ha gjort det:)
5 kommentarer:
Ja og alt ditta e for at ho mor kjem på besøk i helga?
Ska du til Trøndelag, Frøydis?
Ja tørr no ikkje anna når du kjeme oppover, hehe. Og ja, Renate, heile famen teke turen på onsdag og blir te laurdag. So då verte det livatt i Trøndelag;)
ej e forresten mest imponert over at du he lagt inn bilde på dataen so fort.. Vaskinga vart ikkje ej so sjokka over.
Haha, frekka!
Legg inn en kommentar