Eg var på kino i går og såg filmen Brothers. Hovudgrunn: Natalie Portman og Jake Gyllenhaal. Dette er to av mine favorittskodeseplarar, og å sjå dei to i lag i same film var heilt fantastisk. Dei er begge ekstremt dyktige, både til å portrettere rollene og til å velje gode roller å spele i. Som person unngår Portman til ei viss grad rampelyset, ho er aldri å finne avbilda full og jævlig, og ho har lenge hatt eit "snill pike"-image. Men ho har sjølvironi, og derfor vil eg dele eit klipp frå Saturday Night Live der vi får sjå Natalie rappe om livet sitt.
Jobbkroppsjokk
for ett år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar