Eg veit at sommarferien er rett rundt hjørnet. Sommaravslutning med dusken, 17.mai, eksamen den 01.juni. Det er ein del som skjer dei neste to månadane. 19.juni skal eg i bryllaup og deretter dreg eg på interrail. Men kva som skjer etter interrailen veit eg foreløpig ikkje. Kvar er eg til hausten? Kva gjer eg til hausten? Eg må innrømme at det hadde vore kjekt å vite det, men eg veit det dessverre ikkje. Så dagane framover går med til jobbsøking. Eg vil bli verande i Trondheim, men det er vanskeleg utan jobb. Eg søkte på ein del stillingar i går, og skal søke på fleire i dag, men som alle andre er eg klar over at å få lærarjobb i Trondheim er som å skyte gullfuglen midt i gullhåra i ræva. Så når søknadane til Trondheim kommune er sendt inn, må eg nok kike etter jobbar andre stadar. Dersom det ikkje vert Trondheim, ser eg eigentleg føre meg at det vil verte Oslo eller Ålesund, med Ålesund som det minst sannsynlege alternativet. Vi får sjå kva som skjer, eg går i alle fall ei spanande tid i møte.
2 kommentarer:
kom an! Oslo før Ålesund?
Jaja, ekje so ille å ha noken å besøk men kom heimjen du!! ;)
Hehe, ja verte nok heimover om nokre år, men kjenne mej so absolutt ikkje klar for det heilt enda dessverre:) Ej ska forresten på kamp attme dej den 16.mai, hehe.
Legg inn en kommentar