lørdag 3. april 2010

Nettlaus, frendelaus, men meget kjend.

Påska går mot slutten. Eg kan ikkje hugse kva tid ho byrja, men no er ho altså straks over. Tida går fort på å gjere alt ein skulle ha gjort. Ein gong. Eg har glimtvis sett ein bit av alle venane mine heimanfrå, men likevel sit eg att med det inntrykket at mange er vekkreiste til diverse hytter og fritidsbustader rundt omkring. Og det er jo det påska skal brukast til, men bortskjemd som eg er, er eg vant til å ha alle rundt meg til ei kvar tid, og då vert det litt rart når dei ikkje er det.

Eg trur at hovudgrunnen til at eg legg så godt merke til dette, er at internettet vårt bestemte seg for å takke for seg litt utpå dagen onsdag midt i påskeveka. Og kan du tippe når det er mogleg å få nokon til å sjå på det? Stemmer, fyrste arbeidsdag etter påske. Men på denne måten har vi fått litt hyttepåskestemning her i huset òg. I staden for å sjekke facebook, løyser eg kryssord, i staden for å laste ned seriar ser eg ein film som går på TVen og i staden for å sjekke mail, skriv eg bloginnlegg i eit word-dokument og satsar på å få lasta det opp neste gong nettverket til naboen er innan rekkevidde (i løpet av tre døgn har eg snike til meg rundt ti minutt med nettid).

Likevel er konklusjonen på innlegget av det positive slaget; eg har plenty av tid til R&R. Eg tek livet med fullstendig ro, og når påska er over vil nok kroppen vere så avslappa som den aldri før har vore.

Ingen kommentarer: