Ja, no seier eg det; eg skal på Interrail. Rett nok er ikkje billettane kjøpt heilt enno, MEN på søndag sette vi oss ned og skreiv pakkeliste, eit budsjett tatt litt på gefühlen og viktigast av alt; ei dag til dag oversikt over aktuelle land, byar og tettstadar med tilhøyrande informasjon om ferje- og togtransport. Neste helg får samtlege tre stipend/løn og då skal 22-dagarspassest kjøpast. Det kan vel ikkje gå i dass no? Eg trur i alle fall ikkje det, så Europa better watch out! I går var eg til og med inne i byen og kjøpte ein lommeguide om Paris, og det er jo circa det same som å ha turen i handa. Vi skal nemleg til Frankrike, og mange andre land, men meir om det kjem så snart billetten faktisk er i handa mi.
Elles har eg fylt år, heile 26 stk, og dette vart feira med ballongar, spritgele som aldri vart til gele, kake og kjekke folk - akkurat slik ein bursdag skal vere! I bursdagsgåve fekk eg blant anna ei brownies-bok og der er det mange oppskrifter som eg gler meg til å prøve ut. Eg må berre få på plass den perfekte browniesforma og så er eg klar for deilige sjokoladekaker med melis på:)
Isen som kom i oktober ligg her enno, no med litt slafs opp på, og eg er dritlei! Eg håper han hutar seg her i frå til eg er tilbake frå påskeferien min, som forresten er rett rundt hjørnet. 18. mars stikk eg til Bergen og deretter vert det vakre Hareid med livnande lundar i fjorten dagar. Herrlich!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar