fredag 26. februar 2010

I rekka dumme folk..

Eg var på Rema i dag, og forkjøla og nasetett som eg er, bestemte eg meg for å investere i ein ny dose Otrivin for å få letta på trykket. Eg lempa dei andre varene mine på bandet, sa hei til ekspeditøren, og byrja samtalen om nasespray.
- He dokke nasespray, spurte eg så undrande som eg kunne.
Mannen i kassa såg opp.
- Nei, sa han med eit lite smil om munnen, som om eg nettopp hadde stilt det dummaste spørsmålet han hadde høyrt på lenge. Men med mi fire år lange Megaarbeidar-karriere friskt i minne veit eg at dette ikkje eingong er i nærleiken av lista over dumme spørsmål! I tillegg til den usaklege reaksjonen hans vart eg litt sjokkert over at dei ikkje har nasespray. Eg letta blikket mot legemiddelutvalet på hyllene som stod bak denne sjølvsikre kassamannen, for å dobbelsjekke svaret hans. Der var paracet, ibux, og deretter store mengder nasedropar, bokser merka med Otrivin (nasespray) samt enno ei anna boks med nasespray av eit merke eg ikkje hugsar namnet på. Eg kjente lukta av suksess, og gleda meg til at kassamannen måtte seie "ja, beklager, vi har visst nasespray læll".
Eg samla saman stemma mi, og utfordra han på nytt.
- Men er det ikkje nasespray som står der, merka med Otrivin? Eg letta blikket mot hyllene bak kassa.
Kassamannen snudde seg, kika opp, snudde seg tilbake mot meg og eg var klar til å motta den etterlengta beklagelsen, samt kunne konstatere at eg kunne trippe lukkeleg heim med Otrivinen i handa.
- Nei, derre e sånn spray i tilfelle du bli overfalt sjø.
Eg trur eg aldri har vorte så paff av eit svar før, og eg fekk berre stotra fram eit lite "okey", medan eg i ein lett sjokktilstand betalte for varene mine. Men i tankane mine heldt eg ei lang reprimande om kor totalt idiot han i kassa faktisk er. Spray mot overfall?
Kva er det mest sannsynleg at ein daglegvarebutikk vil selje; nasespray eller spray mot overfall? Og produserar Otrivin nasespray, eller produserar dei spray mot overfall? Er det mogleg?
Etter å ha pakka med meg varene mine gjekk eg til Bunnprisen litt lenger nedi gata og kjøpte ei boks Otrivin - identisk med den som står bak idioten på Rema. Skilnaden er at på Bunnpris kallar dei dette nasespray, medan det på Rema går under namnet "spray mot overfall sjø".

4 kommentarer:

Anlen sa...

Herlig!! Kunne gjerne tatt bilde av han fyren der, og lagt det ut på bloggen som advarsel;)

Skjoldmøy sa...

ja ska pøve å snike ti mej et bilde neste gong ej e der;) Og han Tore he store plana om å kjøpe "spray mot overfall" neste gong han e der, so e spent på ka han fe då.

Unknown sa...

haha,genialt.. sa han det i fullt alvor, og du fikk ikkje kjøpe nasespray?? Hadde forstått det om han ikkje trudde dei hadde, åso henta sej inn igjen med å sei det va overfallsspray og flire.. men å seriøst ikkje la dej få kjøpe e no sjukt.. :P Visste du at det e et forum for sånne historie?? ;) ganske morsom lesning..
http://forum.kvinneguiden.no/index.php?showtopic=376200&st=160


http://forum.kvinneguiden.no/index.php?showtopic=209892&pid=7967850&st=1080&#entry7967850

Skjoldmøy sa...

Haha, ja der va et par gode historie der me:) Og ja, idioten sa det i follt alvor...!