onsdag 3. februar 2010

"Praksis"

Det vart tur til skogen, og eg overlevde. Matbutikk som stenger klokka fire, lange distansar og tett trevekst tek ikkje knekken på meg. Men det som tok knekken på meg var mangelen på elg. Det skal visst vere så mykje elg der, difor må vi køyre forsiktig og halde augene opne. Augene mine har aldri vore meir opne, men det var ingen elg i sikte. Jävlar! Eg spår betre elgsafaritilhøve neste gong.
Denne veka har eg "praksis", dvs fri. Grunna mitt halvtårsstudium i samfunnsfag slepp eg unna med ei veke praksis framfor to, så då må eg ha fri medan resten praktiserar. Like greitt det. Så eg sit inne og kikar på kulden. Det har kome ei kaldsnekje til Trondheim, og det er så pisse kaldt å gå ut at eg gjer det minst mogleg. Treng eg verkeleg brød, melk og vatn? Må eg poste det brevet i dag? Å pakke seg inn i stillongsar og fleece er eg litt lei av, så no legg eg ned protest. Eg vil ikkje ha kulde meir! Snø og litt kjølige temperaturar er greitt, men 16 minusgrader takkar eg nei til. Eg har gitt meg sjølv husarrest, frå no av er det meg, pleddet, kakaokoppen og TVen.

Ingen kommentarer: