Til helga skal eg til Rendalen og besøke folket i skogen, eller skal eg eigentleg det? Simmenes Transport vil ikkje uttale seg om saka før i morgon, men grunna skumle verutsikter må turen kanskje avlysast. Glattpolerte vegar er visst ikkje å føretrekke, noko eg ikkje har problem med å skjøne. Men det er synd, endeleg hadde vi funne ei helg som passa. Men dersom det går i dass skal eg finne ei ny reisehelg sporenstreks!
Det er lenge sidan eg bestilte meg nye filmar, så det gjorde eg noko med i dag. I tillegg til klesvask er dette dei bragdene eg har å vise til denne onsdagen(små steg). Eg bestilte heile tre filmar, det var jo tilbod, og eg gler meg som ein unge til å få dei i posten. Samtlege er for klassikarar å rekne (Fucking Åmål, Leon og The Notebook), og eg har berre sett to av tre frå før.
2 kommentarer:
Folket i skogen blir djupt skuffa og indignert hvis dere lar yr.no stoppe dere. Vi har gledet oss til dette i lange tider.
Hilsen folket i skogen.
Då e det endelig avklart; bymusa skal besøke landmusa. Oss samla troppene og trimma allsongtemma te bilturen og susa mot sør:)
Legg inn en kommentar