fredag 1. januar 2010

Tutusenogni, totusenogti

Kjøde og Liaset gjorde i går sin toastmasterdebut for femti middagsgjestar på Runde Miljøsenter. Dei fine historiene var innsamla, setningane hadde fått ein humoristisk vri, stemmene våra var klare og trygge - alt var planalagt og tilrettelagt, det er berre synd at planar aldri vert fulgt til punkt og prikke. Evna til å ta ting på sparket er både kjekk og naudsynt å ha. Plutseleg er suppa slått i før den skal slik at forretten må serverast under ein tale, pianoet er framleis på Runde bedehus grunna snøkaos, talarar kan ikkje tale likevel, prosjektor og lerret utan stativ må setjast opp og alle slags tenkelege og utenkelege beskjedar må vidareformidlast til gjestane på ein god måte. Og midt oppe i alt dette skal vi òg nyte bryllaupsmiddagen, som forresten var snyta god. Kalkun american style vil eg gjerne ha igjen. Å vere toastmaster er ein alt-mogleg-jobb, litt som ein vaktmester med eksepsjonelle talegåver vil eg seie, og no kan eg krysse det av på lista over ting å gjere før ein dør. Masse utfordrignar til tross, vi rodde bryllaupsskuta godt i land og alle smådetaljane vi stressa med undervegs var det ikkje så mange andre som la merke til.
Dei seier at korleis ein feirar nyttårsafta legg føringar for det nye året. Omringa av ein stor vennegjeng brukte eg dagen på å hjelpe ei god venninde, eg ser ingen negative føringar ved det.

Når minner legger sine lag

Linjer til et kinn

Et blikk med sorg, et modent drag

Er tiden kapslet inn


De dager som har vært, min venn

Og dagene vi får

Vil varme oss i fremtiden

Gi tro på nye år


Godt år!

Ingen kommentarer: