1. juledag skolle vere avslapningsdagen. Den dagen ej skolle ta det me ro, sjå på TV, ete mej høge på snacks frå julestrømpa mi og stikke ut te ne tante Gunn i familieselskap klokka fem. En fantastisk dag me andre ord, men nei. Ette fleire år uten sengeposta, gjekk immunforsvaret mitt på en liten julesmell og sendte mej rett ned på romet mitt, longt under dyna, tildekka ta pledd og me et glas cola og et glas vatn ståande på nattbordet. Spysjuka va et faktum, og medan heile familia va i juleselskap låg ej i senga og synst synd på mej sjøl. Heldigvis gjenge slike ting fort over, og neste dag va forma fine. Men matlysta uteblei, og det so en gong kom ut åvaette, kom no nejaette. Ekje det eine veien, so e det altso hin - spysjuka he utvikla sej te sprengarsjau so ho bestemor sei - og den e her enda. Det positive e at ej e oppegåande, ej kan møte folk og ej kan sjå på TV, men matlysta hekje leita sej oppatte enda, og det setje en liten dempar på jula - mathøgtida over nåken andre.
I tillegg he no ej og ho Renate eit bryllup å arrangere, jaffal å geleide gjestane gjøna både middag, kaffi og kvelds, og ditte må planleggast. Og i morga e det duka for konfirmantreunion, nåke so også må planleggast litt. I tillegg te utdrikningslag, ut femtedag, innøving av songperformance i bryllaupet og kveldsmat me alle bryllaupsgjestane dagen før dagen. Og Grendacupen - verdas beste fotballturnering bjynde i morga - so kor ej ska få me mej alt, nei det e meir enn ej begripe. Innimylla alt ditte ska ej også skrive nokre artikla for dusken, so ej trur ej må lære mej å skrive i søvne elle nåke i den dur.
Ej kjenne at ej gler mej te semesterstart i januar ej, e det ei tid ej he muligheit te å ta livet me ro, drite i alt, sjå på TV og virkelig sove ut, so e det jammen då:) Steik kor ej gler mej!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar