onsdag 9. desember 2009

Friday, I'm in love

Onsdag 09.desember 2009 er verkeleg ikkje dagen. Eg vakna i dag tidleg av at Tore banka på døra og informerte om at straumen vart kutta om ti minutt. Flaks. Etter det eg vil karakterisere som nokre timar for lite på auget, stod eg raskt opp for å utnytte dei siste minutta med lys. Eg rakk å skjere opp brødet, men då det var tid for mårkutting stod eg der i mørkret. Eit lite telys hjelpte meg med siste del av distansen. Deretter pussa eg tenner i halvmørkret, innsåg at eg ikkje hadde gjort noko med håret enno og fann ut at med desse tilhøva var det ikkje mykje som kunne gjerast heller. Og bussen måtte rekkast...så ut døra bar det.
No har eg nettopp ete lunsj. Og matpakka bestod så klart av brunost framfor fårepølse, for det var det tomt for. Då eg stod heime tenkte eg at brunost gjekk greitt, men det gjorde det ikkje. Eg har aldri brukt så lang tid på å konsumere to skjever, fårepølsa er sakna.
Og no sit eg her, på biblioteket på skulen. Det er to dagar til eksamen, eg føler meg som eit dass, auga har fått litt cola-assitanse i kampen mot augeloka og eg fantaserar om det paradiset som vil openbere seg for meg fredag klokka 15.15. Eg er med andre ord i den klassiske sluttfasa av eksamensperioda.
Og kva passar vel då betre enn å blogge? Som om eg ikkje har nok å bruke tida mi på.

http://www.youtube.com/watch?v=kxkYVIcVIaU

Fredag, fredag, fredag!


Ingen kommentarer: