
Volda Mineralvatn legg ned drifta, og det vil seie slutten på brænnebrusa. Eg må innrømme at eg ikkje har drukke så mykje brænnebrus dei siste åra, men likevel er nedlegginga tung å svelge. For kva er eit barneselskap, eit idrettsarrangement, eit åttiårslag eller ein korpskonsert uten ei eller fleire kasser med brænnebrus? Dei gule kassene inneheld noko for ein kvar smak, og gleda og spaninga over å gløtte ned i kassa og leite etter favorittsmaken er enorm. Spaninga ligg i kva for typar kassa inneheld, for ingen kasser er like. Nokre kasser er fulle av Lux og Asina, andre har to av kvar sort medan andre består av 24 flasker med RC Cola. Av og til må ein jobbe litt for å finne favoritten, men etter nokre sveittedropar og ein nøysam gjennomgong av kasse etter kasse står den plutseleg der og glitrar mot deg i all sin grøne herlegdom; pærebrusa. Det er som regel den eg er på jakt etter, men eg har òg drukke min del av ananas, eplerose, sitron og festbrus opp gjennom åra. Og det har nok dei fleste andre som har hatt gleda over å ha brænnebrusa rundt seg òg gjort.

Så Ananas, Pære, Sitron, RC, Asina, Eplerose, Festbrus, Lux, Bringebær og Fjellbekk, takk for alle gode minner!
5 kommentarer:
ka dinna fjellbekk e for slag?? den he gått mej hus forbi!!
Det e sann mineralvatn-greie. Ej he aldri smakt den, men følte ej måtte nemne den også når ej fyrst va i gong:)
Gjett ken so he tatt det første bilde du bruka her da?!
Haha, du kødda, e det du? På fløyen?
det e ej ja.. Tord og ej so va på Ulriken for sikkert 3 år sia. hehe.. Syns det e sjef at det he blitt so pass "Kjendis" :)
Legg inn en kommentar