Fedagen byrja bra. Eg drog opp til Hanna for å sjå den fantastiske gullrekka, ete meg kvalm på kaker og snop og generelt ta livet med ro i lag med gode venninner. So far so good. Deretter tok eg turen til Samfundet, for klokka 23:59 var det klart for Pirumkonsert og denne skulle eg anmelde. Dette gjekk òg over all forventning. Men så måtte eg innom hybelen for å legge frå meg pressepasset. Klokka har vorte over eitt og all logikk tilseier at eg burde gå heim og legge meg som den ansvarsfulle personen eg tross alt er. Men dette er ikkje så lett når hybelen er full av mange kjekke folk og dahlsen er lett tilgjengeleg. Eg tek ei øl. (Og alle veit at no er håpet ute)
Klokka halv seks valsar eg meg heimover, alkhololnivået er på veg oppover og til tross for mine elegante rørsler vaknar Tore av at eg "listar" meg inn i stova. Der finn eg fram macen - for no er det lurt å setje seg ned og skrive på saka eg skal ha klar til Under Dusken. Klokka ti på sju vaknar eg. Eg sit i stolen, macen er på fanget og Pegadi(skriveprogrammet til Dusken) er oppe. Eg kryp til sengs vel vitande om at laurdagen kan verte ein tung dag.
Elles kan det nemnast at eg fekk ei gåve med på kjøpet etter mi vesle nattesutflukt - ei meget sexy bluesaktig stemme. I dag kan det kjennest ut som denne har tenkt å bevege seg over i slim og snørr, men det tek eg med fatning. Inga haustforkjøling har knekt meg før, og eg er klar til å ta opp kampen.
Eg lærte meg eit nytt visdomsord for nokre dagar sidan, som eg trur det er mykje sanning i:
"Livet består ikkje av å vente ut stormane. Det handlar om å lære seg å danse i regnet".
Eg dansar.
2 kommentarer:
Det var innmari klokt sagt!:) Drit i paraply - berre dans!!
Ja faktisk so klokt at en sko tru ej ha komt på det sjøl!
Legg inn en kommentar