onsdag 30. september 2009

Slumring

I dag gjekk eg i slumrefella igjen – akkurat som eg gjorde det i går. Klokkealarmen gjekk av klokka ni, og eg vakna utkvilt og frisk. Og det skulle jo berre mangle etter åtte og ein halv time med den djupaste, herlegaste svevn! Likevel er det noko som skjer seg. Hjerna mi tenkjer; kvifor skal eg stå opp no når eg kan klaske fingeren min på slumretasten og få fem minutt til? Som tenkt, så gjort. Og denne tankegongen går på repetisjon heile 24 gongar før eg tek meg sjølv i nakken og kastar høgrefoten ut av senga og ned på golvet, to timar seinare enn planlagt. Og kva er resultatet etter to timar med klokkeringing kvart femte minutt? Jau, eit hovud som er alt anna enn klart for ein ny dag. Eg er faktisk meir sliten enn eg var då eg la meg kvelden før, og eg konkluderar fort med at eg må ha meg ein halvtime-time med samanhengande svevn for å reparere skadene. Og det store spørsmålet som melder seg gong på gong er følgjande; kvifor? Kvifor kan eg ikkje berre skru av slumringa klokka ni og gi meg sjølv ein time ekstra på auget? Kvifor pinar eg meg sjølv med å vakne til ein bedriten polyfon ringelyd kvart femte minutt? Eg har for lengst innsett at dette er heilt meiningslaust og totalt bortkasta tid, men likevel gjentek historia seg gong på gong. Akk og ve, ungdomen lærer aldri!

5 kommentarer:

Anonym sa...

Nei så sant så sant.

Okanti sa...

Du glemmer å nevne den intense takknemligheten og gleden som oppleves hver gang den knappen trykkes på. Men jeg har egne dyrekjøpte erfaringer på området; det er som å spy i motvind. Det kastes tilbake på en sjøl.

Skjoldmøy sa...

Hehe, ja det momentet glømte ej å ta me, i eit lite mikroøyeblikk e faktisk gleda maksimal. Men prisen en betala for det e akk so dyre...

Thomas D.J sa...

Hvem i all verden er det egentlig som gidder å slumre??
Morgenen er til for å stå opp! En ny dag venter når alarmern ringer! Opp og se verden! Opp og ønske den nye dagen velkommen! :-D

(unnskyld, men jeg kan ikke no for det. Jeg er a-menneske) ;)

Skjoldmøy sa...

Æsj! Typisk A-menneske å gni det inn, lenge leve b-menneska!