søndag 20. september 2009

Ingenting er bortkasta

No er det jammen lenge sidan sist! Men det gler meg å sjå at det er andre som òg er litt treige på bloggavtrekkaren for tida. Eg er med andre ord ikkje åleine, men eg vil heller ikkje vere åleine om å oppdatere. Så ta tastaturet fatt og fortel kva du gjer på!
I Trondheim er seinsommaren forbi. Dette betyr at gleda over å tenke at "semesteret har nettopp starta, eg har goood tid" byrjar å bli litt oppbrukt. Pensumboka som har samla støv i bokhylla må snart opnast, og eg må innsjå at desember nok ein gong møter meg som ein eksamensmånad, før den går over til julemånaden. For min del betyr dette samfunnsfag 2 på Rotvoll og Nynorsk i opplæringa i Volda. Forhåpentlegvis er det for siste gong at nydelege desember må brukast til noko anna enn juleglede.

Nynorsk i opplæringa viser seg å by på meir bry enn forventa. Eg tenkte at nettstudium var ein enkel ting, men det naziopplegget der tok meg litt på senga. Kvar mandag legg dei ut ei forelesning på nettet, kvar søndag må eg levere ein refleksjonstekst til den forelesninga og kvar tysdag må eg gi respons på ein annan sin refleksjonstekst. I tillegg må eg levere tre godkjenningsoppgåver i løpet av semesteret! Rotvoll forberedar ikkje eit stakkars skippertaksmenneske på noko slikt! Metoda med to-tre intense veker rett før eksamen har fått seg eit realt slag i trynet, og eg innser at mi tidlegare gulloppskrift ikkje er idiotsikker. Eg har måtta stått på, og faktisk hugsa på alle innleveringar hittil. I dag leverte eg til og med mi fyrste godkjenningsoppgåve. Sjølv om Volda gjer sitt ytterste for å knekke skipperen i meg, så strittar eg i mot det eg kan. Eg byrja på oppgåva nokre timar før innleveringsfristen og valde så klart eit tema eg har skrive om på Rotvoll tidlegare. Med oppgåva eg skreiv i januar som ressurs fekk eg fort dei fem sidene eg trengte. Eg hadde aldri trudd at den bedritne fagteksten vi måtte skrive på norsk 2 i januar skulle kome til nytte, men jammen gjorde den ikkje jobben min ti gongar lettare. Det som kan virke meiningslaust der og då er ikkje nødvendigvis det på sikt.

Elles går tida mi for det meste med til Under Dusken. Det har vore mykje å gjere i haust, og i tillegg til skrivinga har eg vore med på å planlegge ein blåtur vi skal på neste helg. Christine og Susanne, to viktige aktørar i mitt sosiale liv i Trondheim, har pakka sekken og starta på lærarkarriære i Rendalen, og dette er vel den største skilnaden på Trondheim før og etter sommaren for min del. Tida frå vakre augustdagar på Hjørungavåg til småkalde haustdagar i Trondheim har likevel gått utruleg fort, og det tek eg som eit godt teikn.

I dag er det 20. september, julafta er berre tre månadar fram i tid.

3 kommentarer:

Okanti sa...

Gått på en smell med nynorsken nå, kjøde!;) Men vi er med deg i ånden, både jeg og susie. Jeg vil bare si at når du en gang vokser fra studentlivet kan du legge skipperen på land en gang for alle. Her er det beinhard jobbing fra morgen til kveld som gjelder. Henrik har foreldremøte i dag btw. Sjelden sett'n så bleik. Og hva blåtur angår: pass deg for trøndere med karsk i koppene. Jeg og Henrik har gått på en større smell enn deg!! (I'll fill you in)

Unknown sa...

Håpe for din del dei ikkje bruka same sensursystem da :) hehe..

Skjoldmøy sa...

Nei det e berre ei sann tolleopppgåve. Det va det på HiST og det e det i Volda mæ. Ikkje nåke karrakter me i bildet, då ha no ej villa gjort en bedre innsats. Men å utnytte tidligare erfaringa e no berre bra vil ej sei, ej bør faktisk få cred for å vere lure;)
Oi, oi, en karsk-smell! Sann e det å vere lærar! (ej ska unngå det neste helg ja) Og foreldremøte, det e en milepæl, men han klare sej nok!