Bowling er ein merkeleg sport. Eine dagen kan eg suse ned den eine kjegla etter den andre og få opptil tre strikar i løpet av ein omgong, medan eg neste dag får store problem med å bikke 50 poeng. Alle faktorane som verkar inn er variablar, og dermed er resultatet uforutsigbart. Eg eksperimenterer med ulike kuler, plutseleg vrir eg handa slik at kula får ein skru, og eit lite hopp før kula landar kan òg snike seg inn. I går var ein slik bowlingdag. Det meste gjekk skeis, men heldigvis var det slik med dei andre òg. Før tredje og siste runde var vi dritleide, så leide at vi kun spelte fordi den var gratis, og vi bestemte oss for å ta ei runde med alternativ bowling, eller humorbowling om du vil. Dette kan eg anbefale på det sterkaste, og reglane er enkle; det er kvar sin gong å bestemme korleis kula skal kastast kvar runde. Ein får ikkje meir moro enn ein lagar sjølv. Rundene våre vart som følger:
1. Kaste med venstra
2. Løfte ein foten og kaste kula under den
3. Kaste kula med begge hendene
4. Stå med ryggen til kjeglene og kaste kula mellom beina.
5. Kaste kula slik dei kule gutane gjer, dvs å ikkje ha fingrane inn i hola, men berre halde kula og kaste den med ein liten skru.
6. Hinke fram, fyrst tre hink på høgrefoten, deretter tre hink på venstrefoten.
7. Om å gjere å kaste kula så langt som mogleg før ho landar på bana
8. Skeisseløp
9. Telemarksnedslag
10. Improvisasjon, der eg dansa riverdance før eg kasta kula.
Summa summarum så vart resultatet det at eg aldri har fått så få poeng før, men eg har heller aldri flirt så mykje av å vere på bowling!
3 kommentarer:
HAHA!! Riverdance før man slipper kula! Klassiker!! :-D
Hehe, ja stilen va det i alle fall ikkje nåke å sei på!
Selv har jeg alltid hatt lys til å prøve biljard-trikset; Legge kula på bakken og skyte den avgårde med en kø. Eller en provisorisk stav av no slag ;)
Legg inn en kommentar