søndag 9. august 2009

Hendingar er i live!

Tross slibrige kommentarar som antyder det motsatte, så er Hendingar i aller høgste grad i live. Hendingar har det nemlig vore nok av, det har berre vore dårleg med tid til å få dei ned på papiret. For eg har nemlig vore hardtarbeidande barnehagetante i vekedagane, og på farta i helgane. Det er faktisk ikkje måte på kva eg har opplevd! Sommar på Sunnmøre leverer i år igjen. Eg har opplevd å fare innom 12 kommuner på 16 timar - Sunnmøre Rundt kallar vi det - , eg har kjørt meg vill i villaste Selbu på jakt etter eit intervjuobjekt, eg har vore på ekte Trønderbryllaup med tre serveringar sodd, Ringstadfestival med fløytespeling, partytelt på skakke og riverdancing og eg har jammen meg hatt ansvaret for ein 8 mnd gamal gut i over eitt døgn! Eg har altså hatt mitt å gjere, men no er eg klar for ferie. Sommarjobben er over for i år, og dersom eg er heldig så er det den siste sommarjobben eg nokon sinne har hatt.

1 kommentar:

Okanti sa...

Nei, nå står itte væla tæl påske - Annis oppdaterer!!! Gledelig:)