søndag 12. april 2009

Å gjere det umoglege mogleg.

Etter mitt livs kortaste påskeferie (6 dagar, red. anm.) er eg no tilbake i Trondheim. Eg er tilbake fordi eg har eit prosjekt å gjennomføre; kor mykje norskfagleg kunnskap kan 1 stk person få inn i hovudet på tre dagar? Torsdag er D-dagen; då kan eg anten briljere sensoren i senk eller eg kan drite meg rett ut og vise at eg ikkje har noko på norsk 2 å gjere. Eg kryssar fingrane, og håpar at evna til å gjennomføre eit godt skippertak framleis er inntakt. 

1 kommentar:

Okanti sa...

Ingenting er umulig! - unntatt å gå på ski gjennom ei svingdør.