onsdag 29. april 2009

Sikre vårteikn

Dei to siste vekene har våren verkeleg gjort sitt inntog over Trondheim by. Det tjukke gruslaget som låg som eit kaldt minne frå vinteren som var, har endeleg blitt fjerna av kommunen si kosteavdeling. Eg har ein mistanke om at dette vert gjort på nattestid, for eg har jammen meg aldri sett nokon koste på dagtid. Sjølv har eg og fjort mitt for å helse våren velkomen. Forrige helg tok eg ein skikkeleg nedvask av romet mitt, og avslutta det heile med å snu overmadrassa slik at den lune vintersida vender ned, medan den glatte og freshe sommarsida vender opp. Eit sikrare vårteikn skal du jammen leite lenge etter. 

Eller kanskje ikkje fullt så lenge, for i dag gjennomførte eg ein manøver som begravar kong Vinter ein gong for alle. Medan sola skein av all si makt bestemte eg meg for å stelle leggane mine. Etter månader med gode vekstvilkår reiv det ekstra godt i huda i det epilatoren saumfarte dei krittkvite og vintertørre leggane. Etter utallige timar i mørke, kan dei no få sjå dagens lys. Og lys/sol kan dei, etter dagens observasjonar, nyte godt av. Det må og nemnast at eg på søndag gjennomførte årets fyrste kubb-trening. Kastearma treng litt smørning, men ho bør nok vere tilbake til god, gamal standard etter eit par runder til. Og som om alt eg har sagt hittil ikkje er nok for å bevise at våren er komen, så er det jammen meg russefest i morgon med grilling, øl, ein fin gjeng og 18 grader!

No livnar det i lundar, no lauvast det i lid,
den heile skapning stundar no fram til sumars tid.

Det er vel fagre stunder når våren kjem her nord,
og atter som eit under nytt liv av daude gror.

Du vår med ljose dagar, med lengting, liv og song!
Du spår at Gud oss lagar ein betre vår ein gong, 


Eg elskar våren, takk og lov for at han er komen!

5 kommentarer:

Okanti sa...

Godt for alt som er fjort! Og itte minst - hev flaska! Det er VÅR!!!

Anonym sa...

Ej sei bærre Bjørg! Osso sei ej at ej he oppdatert bloggen min ;)

Renate sa...

Ja, fy søøøøøren! No skolle ej inn å skrive "BJØRG" og ingenting anna... Brenn at ho kjappa ha vår her alt!

Elles levera Hjørungavåg! Frøydis vandra i gatane.. Sikrare vårteikn skal ein leite lenge ette!

Renate sa...

Gatene va vel litt for byaktig å sei... Vegane! Brått ser ej ne vel ned på attelegå mæ!?

Skjoldmøy sa...

Haha, ja ho mor e ukontrollerbar, so du skakje sjå bort frå at ho rota sej ned på legå mæ!
Og elles so e det vel fyrste gong i livet ho Camilla he opplevd å bli referert til som kjappa.