På torsdag vart eitt av mine mål oppfylte. Over ein mnd for seint kom det ein bursdagspakke til meg i posten, og den inneheldt blant anna eit gåvekort på Platekompaniet. Eg gjekk då sporenstreks inn til byen, (og med gjekk meinar eg at eg tok buss) og kjøpte Pinocchio - disney klassikar nr. 2. Då eg som 15-åring kjøpte min fyrste DVD-spelar, sette eg meg som mål å kjøpe alle Disney Klassikarane på DVD. Og det er faktisk ikkje berre berre, nokre måtte eg vente lenge på for at dei skulle bli utgitt på DVD, og andre forsvann frå butikkhyllene før eg fekk summa meg til å kjøpe dei. Det har vore eit årelangt arbeid, som eg no med glede kan sjå resultatet av. Så dersom nokon vil sjå ein god gamal Disney Klassikar, så veit de kven de skal kontakte ;)
Men spørsmålet er så klart, kva skal eg samle på no?
4 kommentarer:
Ja tenk om du hadde hatt alle pengane ca 8000 heilt vanvittig spør du meg.
Ska gi dej 8000 ej! Glede kan ikkje målast i penga ;)
Jau det kan det.
ut i fra det vi snakket om i går - så ville antakelig pant være et naturlig alternativ...ville lett klare å tjene inn disney-filmene...
Legg inn en kommentar