Etter travle tider og to kveldar på fylla var det i går duka for ein fin og roleg spelekveld. Sjokoladen og potetgullet var kjøpt inn, og spela på hylla gleda seg til å få litt frisk luft. Christine, Line, Susanne og meg sjølv (The Fantastic Four) skulle verkeleg kose oss! Så ringte Hofte-Lise, det forstyrrande elementet i denne historia, og sa at det var gratis øl på samfundet klokka tolv. Etter ei kjapp telefonrunde var joggebukseantrekket skifta ut, og leiting i alle krikar og krokar resulterte i ei nydeleg blanding beståande av øl, to vinflasker, litt likør, fire spritsortar og ubuntucola. Dei stakkars spela mine vart ståande urøyrde på plassen sin heile kvelden...
2 kommentarer:
ha ha. Fab four rides again!
Vi er så qle<3
Legg inn en kommentar