onsdag 7. juli 2010

Fraa Paven til Kroatia

Eg saag paven i dag! Og det er jo eigentlig litt stort. Onsdagen var sett av til Vatikanet, saa eg vakna klokka 06:03 av at Susanne ruska meg i leggen for aa faa liv i min sunnmorske kropp. Det er lenge sidan sist eg var saa tidleg oppe, og eg kan ikkje skryte paa meg at eg spratt opp av senga, men litt over halv sju vandra vi i Romas gater paa veg mot Vatikanet. Petersplassen var saa og seie folketom i det morgonsola og oss tre sneik oss inn mellom soylene med retning mot Peterskirka. Deretter vart det frukost paa eit gatehjorne foer vi byrja aa leite etter koa til Vatikanmusea (og det vil seie det sistinske kapell). Vi stilte oss i koa, og kom i prat med to nonner. Dei spurte om vi hadde billett, vi sa nei og to sekund seinare stod vi der med 1 blaa billett i handa. Men den var ikkje til det sistinske kapell, og det var heller ikkje koa vi stod i. Billetten var til audiens hos paven, som brukar aa vise seg for folket kvar onsdag klokka elve. Snilde nonner som ville sikre oss eit glimt av det aller heilagste med andre ord.

Det sistinske kapell (som vi fann til slutt) var heilt nydeleg og kan vel ikkje samanliknast med noko som helst. Maleria i taket er heilt fantastiske, og har nok gitt mang ein person ein kink i nakken. Paa veg ned dei litt smale trappene kom ogsaa "dagens amerikanar", ein tittel dedikert til den dummaste amerikanaren vi ser kvar dag. Det var nemleg ei som utbraut medan oss gjekk ned gjennom gangane "you'd think they'd make these halls wider bla bla bla...". Ser foere meg at tjukke amerikanske turistar var noyaktig det byggherrane hadde i hovudet daa dei bygde kapellet for fleire hundre aar sidan.
Til informasjon saa var eg og Christine innom det sistinske kapell heile fem gongar, rett og slett fordi vi gjekk oss vill og aldri klarte aa finne vegen ut.

I morgon er siste dag i Roma og daa maa euroen brukast opp, men det trur eg ikkje skal vere noko problem. Fredags morgon vaknar vi i Split, etter det som forhaapentlegvis har vore ein sovnfull baattur, og der er det ein annan valuta, eit anna spraak og andre aktivitetar som staar paa agendaen. Bading for alle penga, baby!

Men tilbake til paven. Eg brukte den blaa billetten og stod heilt bakerst daa paven i dag helsa alle dei frammotte og velsigna i hytt og gevaer. Sjolve gudstenesta om ein kan kalle det det gjekk foere seg paa eit titals spraak saa det var ei langdryg og kjedeleg affaere. Men paven har eg sett, om enn paa lang avstand.

Ingen kommentarer: