Tenk at eg forhaapentligvis har berre to togetapper igjen framfore meg. Om ein times tid dreg vi til roma, og paa fredag er det tog til ancona foer vi haaper baaten forer oss til Kroatia. Eg skriv haaper fordi det viser seg at baat fraa Italia til split er litt meir komplisert enn vi fyrst trudde, men vi haaper aa faa hjelp paa hostellet vaart i roma. Det maa berer gaa i orden, viss ikkje maa vi toge fraa roma til split (sidan vi har flybillett heim igjen der i fraa), og det er langt!
Etter Pisa for vi til Firenze, der eg no kan skryta paa meg aa ha sett David - edn anatomisk perfekte mannen i marmor, og eg maatte berre staa to timar i steikande sol for aa faa sett han. Dessverre fekk eg ikkje ta bilete, men eg fekk ta bilete av den eine av to kopiar som staar i Firenze. Firenze som by er brun, og eg tykkjer ikkje den er spesielt fin. eg ser at her er mange statuer og byggverk, men eg trudde likevel her skulle vere vakrare. Eg har berre tilbrakt litt under eni dag her rett nok saa det er sikkert mykje eg ikkje har faatt sett, men eg har sett mange finare plassar paa turen for aa seie det slik.
No ventar paven og colosseum paa meg. Arrividerci!
Jobbkroppsjokk
for 9 måneder siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar