Vennane vaare har forlatt oss og turen naermar seg slutten. Paul reiste i gaar, og i kveld sa vi farvel til Lauryn og Stephanie ogsaa. Hyggelige folk som eg haaper aa sjaa igjen ein gong.
I morgon tidleg dreg vi til Split for aa faa ein dag der foer vi flyg heim att onsdag morgon. Takka vere flyavgangane fraa oslo til aalesund er eg ikkje heime foer ut paa kvelden, og akkurat no gler eg meg til aa kome heim att. Eg trur det er fordi eg heile tida har vore innstilt paa at eg skal heim paa onsdag, og naar dagen naermar seg byrjar heimlengselen ogsaa aa presse seg paa. Eg gler meg til aa fryse, eg gler meg til aa ete faarepolse og maar, eg gler meg til mamma og pappa sin mat, aa koyre bil, aa sjaa vennane mine igjen, drikke norsk vatn rett fraa springen, senga mi og alt anna eg finn heime paa vene vakre Hjorungavaag. Det er vel som dei seier, borte bra, men heime best. Daa faar eg ogsaa litt tid til aa fordoye alle inntrykka og opplevingane eg har hatt dei siste vekene, og dei har det jammen vore mange av.
Og til slutt all annan relevant informasjon: magen og avfoeringa har vore tipp topp, tommel opp heile turen, eg har att pengar eg kan bruke paa tax freen og eg har jammen faatt litt farge paa kroppen og. Kven skulle trudd det? Eg har heller ikkje mista eller blitt fraastelt noko, og eg kryssar fingrane for at det ikkje skjer i loepet av dei siste dagane heller.
Ann-Helen paa Hvar, over og ut!
Jobbkroppsjokk
for 9 måneder siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar