Italia er fullt av heite mannfolk i speedo, gelato i alle himmelens smakar er paa kvart gatehjorne og dei kulturelle sjaaverdigheitene kjem med steinkastintervallar, MEN Italia er ogsaa fullt av amerikanarar. I Cinque Terre budde vi paa rom med Kentucky-Joe, ein aaleinereisande, haarkledd, hasjroykande og utadvendt amerikanar med munndiare. For aa gjere looken komplett hadde han Harry Potter-briller i tillegg. Men han var ein fin fyr, hyggelig aa prate med og hyggeleg aa dele rom med. Men han var berre ein i mengda. Restaurantane var som eit amerika-slektstreff og det var kort mellom kvart "oooh my God, that's hillarious" og liknande utsagn.
Doeme fraa den lokale havna i Corniglia; tre amerikanske jenter kjem gaande med kvar si flytemadrass under arma. Ein liten baat har nettopp passert og nokre smaa boelger kan skimtast paa vassoverflata. Den luraste utbryter; "Oh my God, we could like die here!" Og slik gaar no dagane.
I dag har vi forflytta oss til Pisa og sett 1 stk taarn. Det var skeivt.
Jobbkroppsjokk
for 9 måneder siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar